Foredrag om Hanna Resvoll-Holmsen av Anka Ryall

Samtale, debatt og foredrag
Voksne

Bli med på ei spanande reise inn i livet til pioneren Hanna Resvoll-Holmsen

Bokomslag av Anka Ryalls bok - venstre halvdel. På høgre halvdel ser vi Hanna på ekspedisjon i 1908
Foto: Gunnar Holmsen / Norsk Polarinstitutt
Bokomslag av Anka Ryalls bok - venstre halvdel. På høgre halvdel ser vi Hanna på ekspedisjon i 1908
Foto: Gunnar Holmsen / Norsk Polarinstitutt
Bokomslag av Anka Ryalls bok - venstre halvdel. På høgre halvdel ser vi Hanna på ekspedisjon i 1908
Foto: Gunnar Holmsen / Norsk Polarinstitutt

Gratis - ingen påmelding

Dato

onsdag, 5. mars

Tid

19:00 - 21:00

Arrangør

Vågå bibliotek og Hagegruppa i prestegardshagen i Ullinsvin
Legg til i kalender

I høve markering av Kvinnedagen 2025 inviterer vi til foredrag om
Hanna Resvoll-Holmsen – Norge sin fyrste kvinnelege polarforskar.


Resvoll-Holmsen vart født i Vågå i 1873. Hun var godt vaksen, men ikkje ferdig med studia i botanikk då ho sommaren 1907 drog til Spitsbergen på ein ekspedisjon. Sommaren etter vidareførte ho kartlegginga av det polare plantelivet på eiga hand. Ho drog aldri attende til polarområda, men fortsette likevel å skrive om polarplantene, vilkåra for polar plantevekst og behovet for naturfreding i nord.


Foredraget er basert på boka Hanna Resvoll-Holmsen – en arktisk pioner, som vart utgjeve i 2023. Ryall prøver å forklare både den eksepsjonelle karriera hennar og den rolla ho spelte i norsk polarforsking. I møtet med tekstene hennar er Ryall særleg oppteken av å forstå korleis ho på ein så overtydande måte klarte å leve seg inn i dei små polarplantene sine krevjande livsvilkår og gje dei ei stemme.


Anka Ryall er litteraturvitar og professor emerita i humanistisk kjønnsforskning ved Senter for kvinne- og kjønnsforskning, UiT Norges arktiske universitet. Ho har tidlegare skrive bøker om reiselitteratur og den britiske forfattaren Virginia Woolf.


Gratis inngang


Servering


Foredraget er ein del av Vågå bibliotek sitt arrangement ifm. markering av Kvinnedagen 2025, og er i samarbeid med Hagegruppa i prestegardshagen i Ullinsvin.

Relatert litteratur