Gje din meining om datasenteretablering
Forskarar frå NTNU vil møte deg og høyre di meining om etablering av datasentre
Gratis - ingen påmelding
Limits to Digitalization-prosjektet studerer datasenter som fenomen i lys av både global berekraft, norsk omstillingspolitikk og implikasjonar for norske lokalsamfunn.
Forskarar ved NTNU Trondheim kjem til Vågå 27.–31. januar for å drøfte datasenteretableringa i Vågå, og som ein del av programmet ønskjer dei å høyre kva innbyggjarane sjølve meiner.
29. januar mellom klokka 12 og 18 vil to forskarar frå prosjektet vere til stades på biblioteket, og dei vil gjennomføre korte intervju med dei som ynskjer det. Kaffe og kringle frå Vågåheimen blir servert så langt lageret rekk.
Intervjua vil bli tatt opp og deretter anonymiserte, men ein kan òg velje å gjennomføre intervjuet skriftleg. Det vil bli lagt ut QR-kodar i lokalet som ein kan skanne med mobilen, som fører direkte til spørsmåla på nettet.
Målet med besøket er å få ei auka innsikt i lokalsamfunnet sine perspektiv på datasenter generelt, og datasenter-prosjektet her i Vågå spesielt.
Les meir om prosjektet på: https://www.l2d.no/
Biblioteket er ein uavhengig møteplass for intervjua, og det er ikkje lagt opp til felles debatt eller offentleg samtale.