Film og spill

Vågå gamingrom

Spel Playstation 5 på biblioteket

Hendane til to personar som held kvar sin spelkontroll og spelar fotballspel på tv-en
Hendane til to personar som held kvar sin spelkontroll og spelar fotballspel på tv-en
Hendane til to personar som held kvar sin spelkontroll og spelar fotballspel på tv-en

Vi har eit gamingrom med fire PS5 som er ope i bibliotekets opningstid.

Rommet er aldersinndelt etter klasse på ulike dagar:

Måndagar og onsdagar:1. - 4. klasse
Tysdagar og torsdagar:5. klasse og oppover
Laurdagar:For alle

Du låner kontroll i bibliotekskranka. Du må ha eit lånekort for å kunne låne playstation-kontroll.

Vaksne har også adgang til gamingrommet og foreldre kan gjerne spele saman med barna sine.

Vi tillét berre spel som har aldersgrense 12 eller mindre på gamingrommet, men vi har òg enkelte PS5 og Nintendo-Switch spel til utlån med høgare aldersgrense som du kan låne med heim om du er gamal nok.

Reglane for rommet heng på plakat utanfor og i sjølve rommet. Grove og gjentakne brot på reglane kan føre til utestenging for ei periode.