Dur & Wold - Eit hyggeleg møte med Vidar Sandbecks viser
Musikkforedrag om Vidar Sandbeck. Med ord og tonar tek dei oss med inn i visesongarens liv og virke
Arrangementet krev billett
Billettar
Velkomen til ei musikalsk stund på biblioteket!
Dur & Wold kjem til biblioteket for å halde eit inspirerande musikkforedrag om visesongaren, diktaren og kulturformidlaren Vidar Sandbeck. Med både ord og tonar tek dei oss med inn i Sandbeck sitt liv og virke – frå enkle kår på Rena til ein folkekjær artist og forfattar.
Gjennom forteljingar og ikkje minst musikk får vi eit nært møte med Sandbeck sitt rike univers. Dur & Wold formidlar med varme og humor, og gjev nytt liv til både kjende og mindre kjende viser.
Dette blir ei hyggeleg oppleving for både Sandbeck-fans og dei som er nysgjerrige på visekunst og norsk kulturhistorie. Velkomne!
Relatert materiale
Øst for sol og vest for måne
Vidar Sandbeck
En fergemanns vise
Vidar Sandbeck
Fy skam deg!
Vidar Sandbeck